Er du spent på badetemperaturen?

Publisert av: Martha Nygård Lande
6/5/2022 11:32

Har du tenkt å ta deg ein symjetur, kan du no sitte heime og sjekke badetemperaturen.

På badetassen.no kan du finne ut kvar det er varmast, eller kaldast, badetemperatur. På Tysnes er det lagt ut ein målar i Våge, men er du på tur rundt om i landet, kan du finne temperaturar frå alle landsdelar.

Kva er Badetassen?

Badetassen frå Altibox er eit rør med ein sensor i. Det er plassert ut  85 stykker i badevatn i Norge, og den måler badetemperaturen, som du kan sjekke på badetassen.no.

Du kan lese meir om korleis Badetassen vart til, ved å klikke her.