Ny Førjulsmesse

Publisert av: Johnny Helgesen
18/11/2018 12:04

er klart for ny Førjulsmesse på Tysnes. Også dette året har mange ildsjeler førebudd denne årlege messa utover heile hausten. No er varer, gevinstar og program klart. I desse dagar pågår loddsalg rundt i bygdene. Komande helg er det berre å møta fram i Tysnes bedehus.
Førjulsmessa i år er den 25. i rekkja. Det har vore ei messe mange har lagt merke til og slutta godt opp om.

Inntekta frå Førjulsmessa går i all hovedsak til Indremisjonen sitt arbeid , i IMS sitt område som er Hardanger, Sunnhordland og Voss. Det er flott at mange er med og støttar opp om dette arbeidet.

Førjulsmessa ynskjer også å skapa eit godt program. Folk må få noko verdfullt med seg heim att, uansett om dei vinn eller ikkje. Det varmar derfor ekstra med tilbakemeldingar som at Førjulsmessa er høgdepunktet i året for somme.
Også i år vert det varierte song- og musikkinnslag. Barnekoret her hos oss vert med under formiddagssamlinga, seinare kjem Jette Marie og Bjarne Steinsund frå Mosterhamn. Arne Lindekleiv vert med som andaktshaldar.

Me ynskjer vel møtt!

Det

Harald Heie