Tysnes Sparebank Foto: Tysnesingen.no

Godt årsresultat for 2021 i Tysnes Sparebank

Publisert av: Martha Nygård Lande
16/2/2022 09:27

Tysnes Sparebank legg i dag fram resultat for 4. kvartal 2021.

Året 2021 vart eit godt år for Tysnes Sparebank

Året 2021 var prega av pandemi og utfordringar for privatpersonar og verksemder. Tysnes Sparebank nådde eit resultat før skatt på 35,1 mill. kr., om lag på nivå med resultatet året før.

Rentemarginen er lågare enn året før, medan provisjonsinntektene har auka.  Årsaka til inntektsauken er at fleire kundar har valgt Tysnes Sparebank som sin hovedbank, noko som har resultert i auka rente- og provisjonsinntekter.

Vekst i utlån på 3,5 %

Banken har i løpet av 2021 hatt ein vekst i utlån på 3,5 %. Dette har vore eit val banken gjorde i samband med pandemien og den usikkerhet som den medførte.

«Vi er godt nøgde med resultatet for 2021. Ein lågare utlånsvekst enn tidlegare år har vore ein bevisst strategi for å være ekstra forsiktig i den usikre tida vi har hatt» uttalar banksjef Dag Sandstå.

Endring av dataleverandør medførte auka kostnader

Banken er ein del av Eika-alliansen der 53 små og mellomstore bankar samarbeider om mellom anna IT-utvikling. Bankane i Eika vedtok i 2021 å skifte dataleverandør frå danske SDC til norsk/finske TietoEvry. Flytteprosessen vil skje i puljer i tida framover. Dette skifte medfører auka kostnader i den tida sjølve flytteprosessen pågår. Målet er reduserte datakostnader når banken har bytt dataleverandør. 

God avkastning på eigenkapitalbeviset i banken

Det gode resultatet gjev ei avkastning per eigenkapitalbevis på kr. 9,02. Dette er eit beløp eigarar av eigenkapitalbevis kan vente seg i løpet av våren 2022.

Det endelege årsrekneskapet skal godkjennast av forstanderskapet i møtet 30. mars 2022

 

Pressemelding Tysnes Sparebank 15.02.2022