Ynskjer tilbakemelding frå næringslivet

Publisert av: May Britt Meland
19/3/2020 20:36

I desse dagar er det mange Tysnes-bedrifter som er påverka av utbrotet av koronavirus.

Tysnes Næringsråd har som føremål å ta vare på, og utvikla næringslivet sine interesser i Tysnes. Leiar Børge Pedersen fortel at Næringsrådet no ynskjer tilbakemeldig frå bedriftene på Tysnes. -For å vita kvar skoen trykkjer, er me avhengige av å få tilbakemelding frå både dei som klarar seg godt no, og dei som slit.

 

Me ynskjer difor at de tek kontakt og gjev oss innspel og råd

Kontakt oss på

  • e-post ( post@tysnesnaeringsraad.no)
  • telefon ( 905 84 951) eller
  • via Facebook