Det nyinnkjøpte insekthotellet, laga av Tias, måtte sjølvsagt dekorerast!

Ei brennande interesse for tegning

Publisert av: May Britt Meland
12/7/2021 08:08

Irén Tvedt Asbjørnsdatter Færevaag elskar å tegne! Det heile starta som ei avkobling, ho fekk ut kreativiteten og utfordra seg sjølv. Motiva er ofte dyr, men også fugl og mennesker. Etterkvart fekk ho spørsmål frå folk som ville kjøpe det ho teikna. Det kom også ønsker og bestillingar på teikningar frå fotografi. Ho nyttar både gråblyantar og akvarell- og pastellblyantar.

I januar i år gjorde tilfeldigheitene at ho starta med noko heilt nytt: PYROGRAFI. Dekorering og tegning med svipenn.

-Eg har i lang tid vore fasinert av pyrografi, og sett mange flinke på ulike sosiale media, Dette har vore noko eg verkeleg har hatt lyst til å forsøke meg på.
I Januar i år var mannen til Irén på handletur då han plutselig kom på ønsket. Han kjøpte likegodt ei kvardagsgåve, eit heilt enkelt sett med svipenn. Når gåva var overrekt vart det raskt funne fram ein plankebit frå boda, Irén kunne ikkje få starta raskt nok. Resultatet ser du her.

-Eg kjende mens eg prøvde meg fram at dette var noko eg ville lære meir om, seier ei engasjert Irén.

Plankebiten vart raskt bytta ut med meir egna material. Furu er nemleg ganske håplaust å jobbe med, hardheita varierar, så det er vanskeleg å få eit godt resultat. Bjørk derimot er godt egna. No ligg det kortreiste emner til tørk, bjørk frå eigen skog. Det er ein lang prosess, emna må tørke, så må dei finpussast, og tilslutt skissar ho motiva før ho kan ta fatt på det møysommelige sviarbeidet.

Etter kvart som eg prøvde meg fram, skjønte eg at eg måtte investere i meir avanserte svipennar! Det finns faktisk 100-vis av ulike pennar. Dei er meir ergonomiske, og likar meir på ein blyant. Nokre gir skarpe klåre linjer, andre er til skyggelegging, nokre til skriving med meir, og alle finnast i ulike størrelsar. Men viktigast av alt: Svipennapparatet som styrer pennane gjer det mogleg å regulere temperaturen!

Her ser du dei enkelte pennane:

Lærekurva har vore bratt, og resultata etter så kort tid, er imponerande.

Trestjerne med Keltiske knutar.

Dekorativt godord.

Kva med ein Klem?

Den kreative og talentfulle kunstnaren likar også å kombinere ulike teknikkar. Her ser ein eit flott skilt der ho i tillegg til svipenn har farga med akvarellblyantar.

Har du lyst å sjå meir av arbeida hennar, finn du ei flott utstilling på Årbakka Handelstad. -Og skulle du ha lyst å sjå “pyrografi på direkten”, må du ta turen innom Årbakka Handelstad Laurdag 17. juli, kl 12. -Sjølvsagt med forbehold om at det er opphaldsvær, sidan standen er utandørs.