Ynskjer namneforslag

Publisert av: May Britt Meland
10/4/2021 08:53

I det nye friluftsområdet ved Kyrkjevatnet skal det snart reisast ei dagsturhytte. Hytta skal ligge på eit nes på vestsida av vatnet med utsikt mot kyrkja.

Kva er ei Dagsturhytte?
Dagsturhytteprosjektet starta som ein litt vill idé i Sogn og Fjordane fylkeskommune i 2016. Så langt har det resultert i 38 ferdige hytter, og våren 2022 skal det vere totalt 56 dagsturhytter i nye Vestland fylke. Utgangspunktet for idéen var fylkeskommunen sitt mål om at alle i fylket skal ha moglegheit til å vere fysisk aktive kvar dag.

Hytta ved Kyrkjevatnet skal vere eit turmål for heile kommunen og eit turmål som alle kan klare å nå. Derfor er hytta tilrettelagt for menneske med funksjonsnedsetjing. Ein ny turveg som skal byggjast i området vil også ha universell utforming.

Bibliotek i hytta
Hytta skal ha eit nynorsk turbibliotek. Det skal stimulere til lesing, fremje nynorsk litteratur spesielt og gjere innbyggjarane betre kjent med det lokale biblioteket sitt. Det er dei kommunale folkebiblioteka som han ansvar for turbiblioteka. Bøkene gir farge og trivsel i hytta, og det å setje seg ned og ha lesestund i hytta er ein tilleggsdimensjon til turopplevinga som mange set pris på.

Kva skal hytta heite?
Dagsturhytta ved Kyrkjevatnet treng eit namn.

Har du lyst å delta i konkurransen om å få setje namn på hytta? Send ditt/dine forslag til post@tysnes.kommune.no innan 15. april.

Juryen som skal finne det beste forslaget består av:
Ordførar
Grunneigar
Medlem av eldrerådet
Medlem av ungdomsrådet
Tysnes turlag
Bibliotekssjef
Kulturkonsulent

Er du den heldige vinnaren, får du klyppe snoren saman med ordføraren under opningen av hytta.
Vinnaren vil bli kontakta når komitéen har bestemt seg for eit namn.