Godt med folk på Gjerstad arena fra fyrste artist!

Pangstart på laurdagens konsertar

Publisert av: May Britt Meland
14/7/2019 11:58

Allereie i god tid før konsertkvelden starta, var publikum på plass på Gjerstad laurdag kveld. Spesielt mange av den yngre garde hadde møtt fram. -Og kva ville dei få med seg? “Sommarkroppen” sjølvsagt!

Desse borna frå Bodø, Oslo og Lunde venta spent på Mads Hansen, og var klare til å synga med på “Sommarkroppen”!

Arrangørane lova eit sjukt vorspiel med Staysman & Lazz, Mads Hansen og Oral Bee & Mr. Pimp Lotion. Det var fullt foran scena frå fyrste låt, og artistane leverte! Topp stemning med pyroshow og papirstrimlar som fauk til himmels.

Oral Bee & Mr. Pimp Lotion fekk i gong festen.

Fullt trøkk frå både artistar og publikum!

Staysmann som ville gje Tysnes eit sjuk vorspiel, hadde tildlegare på dagen vore på “campen” og spelt. -“De folka er gærne, det er det sjukeste vorspielet jeg har vært på!” var kommentaren.

Papirstrimlar som fyk til himmels kjem også ned….. Vaktene var raskt på plass og fekk rydda!

 

Publikum vart ikkje skuffa når Mads Hansen kom på scena, og alle stemte i på “Sommarkroppen”.

 

 

 

Denne jenta ga tydeleg  uttrykk for kva ho synast om Tysnesfest og artistane :) 

 

Finstasen må på når ein skal på Tysnesdest!!

 

Poptrioen Shuffle Baby med 80-talls inspirert funkpop.