Mykje variert underhaldning på Mandelhuset framover.

Publisert av: Martha Nygård Lande
26/7/2023 13:54

Sommaren er langt frå over, seier Patrick Madsen, dagleg leiar på Mandelhuset. Dei ynskjer velkomen til eit variert program framover.

Fyrstkomande laurdag, 29. juli, blir det “Operaaften”.

Dei to lokale gutane Øyvind Kleppe og Kristoffer Nordal kjem tilbake for ein kveld med strålande klassisk sang. Dei har med seg pianist Magnus Blom. Vi vil få høyra perler fra den klassiske verden med soloar og duettar.

Øyvind Kleppe er ein 23 år gammal lyrisk tenor som er født og oppvokst på Tysnes. Våren 2023 fullførte han sin bachelor grad på Universitetet i Stavanger under den kjente norsk-italienske operasangeren Elizabeth Norberg-Schulz. Til tross for sin unge alder har han allerede debutert som solist i fullskala operaoppsetninger som Le Nozze di Figaro av Mozart, og Gianni Schicci av Puccini. Han var også cover for Remendado i Opera Rogalands oppsetting av Bizets Carmen. Øyvind har også sunge på fleire operacaféer og operapastisjer i samarbeid med Opera Rogaland. For tiden studerer han med Elizabeth Norberg-Schulz og tenoren Matthew Mark Marriott i Oslo.

Kristoffer Nordal er ein 23 år gammal Baryton frå Tysnes. Han studerer ved Universitetet i Stavanger med songlærarane Elizabeth Norberg-Schulz og Matthew Marriott, og er for tio og praktikant på talentprogrammet til Opera Rogaland. Kristoffer har tross sing unge alder deltatt på ein rekke ulike produksjoner og konserter i inn og utland. I 2020 debutere han som Grev Almaviva i UIS sin produksjon av Figaros Bryllup. I 2021 og 2022 tolka han rollen Marco i ORs produksjoner av Gianni Schicchi, og Hausten 2022 medvirka han dessuten i kompaniets produksjon av Carmen. Vårsemesteret 2022 dro han på utveksling til Italia på konservatoriet i Teramo, og studerte under Andrea Concetti. Under studietia her tolka han roller som Dido og Belcore. No gler han seg til å dela sin song og scenerfaring på heimabane.

Magnus har studert piano for prof. Staffan Scheja ved Musikkhøgskolen i Stockholm, og gjennomgått repetitør-utdanningen ved Operahøyskolen i samme by. Siden 2003 er Magnus tilsett i Stord kulturskole.
Som utøvende musikker har Magnus spilt konserter som akkompagnatør, kammermusikker og solist (m.a. Beethovens 4. pianokonsert og Schumann pianokonsert i a-moll) i Sverige, Norge, Finnland, England og Wales.

Klikk her for meir informasjon om konserten og kjøp av billettar.

Fredag 11. august blir det bryggedans.

Creedence Forever har base i Bergen og består av Karl Henrik Svensson (vokal/gitar), Karl Petter Haugen (bass/vokal), Jordan Saratonev (trommer) og Helge Laastad (gitar/vokal).

Dei siste åra har CREEDENCE FOREVER markert seg som eit av Norges mest populære Creedence tribute band. Bandet turnerer det meste av Sør Norge, og har i sommer vært innom det meste av festivaler frå Trondheim i Nord, Lista i sør, Oslo i aust, og i vest på et utall festivalar frå Ålesund til Jæren.

Klikk her for meir informasjon om billettar, og dersom du ynskjer eit måltid før dansen startar.

Torsdag 24. august er det komikar Ørjan Burøe som skal underholda med sitt nyaste show “SOLO”.

I «SOLO» møter publikum ein skamlaus og ærleg Ørjan som byr på ei forestilling heilt utan filter,
– uredd og bunnsolid om seg sjølv, samlivet, og det å plutseleg stå åleina. «SOLO» er ifølge Wikipedia ein utøvar som opptrer fullstendig åleina, eller er den viktigaste melodibærar som spelar på eit eller fleire instrumenter åleina.

Det er akkurat det Ørjan gjer i si forestilling som har fått tittelen «SOLO». Dette er hans tredje show-produksjon, og i følge tilbakemeldingar som har kome, hans beste!

Ørjan er Norges einaste komiker som gjev latter-garanti! Dersom det første latterbrølet ikkje kjem innan eit minutt, opptrer han gratis! For oss som har sett «SOLO» er det heilt ufarleg å gje ein slik garanti!

Klikk her for meir informasjon om billettar og showmeny.