Foto: Midthordland.no

Fasiten på påskequizen

Publisert av: Vegard Aslaksen
23/4/2019 08:00

Og der var påsken 2019 over og her kjem fasiten på påskequizen. Løysingsordet er, som biletet skildrar, – Tur med Midthordland.

Årets påskequiz er laga av Dagfinn Sandvik – spørsmål og svar kjem her;

1. (T) Kva for ein kjent gard på Tysnes er frå 1599 og som det framleis bur folk på? Svar: Rekkjetunet.
2. (U) Kva for ein fjelltopp i nærheita av Våge har eit namn med ein fuglerase i seg? Svar: Ramnanuten.
3. (R) Kva heiter den nye el-ferga som skal gå mellom Våge og Halhjem? Svar: Kommandøren.
4. (M) Tysnes har eit sangkor som for tida øvar i Onartun. Kva heiter koret? Svar: Tysnes Kammerkor.
5. (E) Tysnesingen skreiv ein artikkel om ein ung båtbyggjar frå Lunde. Kva var namnet hans? Svar: Samson Bakke.
6. (D) Frå 1960 talet og fram til 1995 var det ein mekanisk yrkeskule på Tysnes. Kva heitte læraren som starta denne skulen og som dreiv den gjennom heile denne tida? Svar: Simon Fossdal
7. (M) The Prodigy var hovedbandet som vitja Tysnesfest i fjor. Kva heitte låt nummer 2. på det første albumet deira? Svar: Music Reach.
8. (I) Sidan 1961 har ein fabrikk på Tysnes gjort stor suksess med å produsere industriportar. Kva heiter dette firmaet? Svar: Windsor.
9. (D) Ei jente frå Tysnes har det siste året utmerka seg med fleire gode resultat innan friidrett. Kva heiter ho? Svar: Pernilla Epland.
10. (T) Kva heiter jenta frå Tysnes som har vunnet fleire konkurransar innan styrkeløft både innanlands og utanlands? Svar: Anna Dorthea Espevik.
11. (H) Kva heiter den nest høgste fjelltoppen på Tysnes med sine 727 moh? Svar: Hovlandsnuten.
12. (O) Kven var Ordfører på Tysnes frå 1979 til 1983? Svar: Tor Ottersen.
13. (R) Viss ein skal sykle rundt øya vil ein møte på ein bratt bakke som byrgjar stigninga ved Tveit på Årbakka. Kva heiter denne motebakken? Svar: Skaret.
14. (D) Ein gard på Tysnes er begynt med pølseproduksjon. Kva er etternamnet til denne bonden? Svar: Dalland.
15. (L) Tysnes Bolig holder på å lage eit stort bustadfelt i Våge området. Kva heiter denne plassen? Svar: Lande.
16. (A) I den siste tida har Tysnes tatt imot fleire asylsøkjarar frå Eritrea. Kva heiter hovudstaden i heimlandet deira? Svar: Asmara.
17. (N) På 80 talet hadde Tysnes ein MC-klubb som mellom anna hadde eit stort treff i Uggdalsdalen. Kva heitte denne klubben? Svar: Spurven.
18. (D) Øygruppa Tysnes ligg i inngangspartiet til landets nest lengste fjord, Hardangerfjorden. Kva heiter byen som ligg innerst inne i fjorden? Svar: Odda.