Vil nyta livet i 2015

Publisert av:
20/1/2015 12:09

Tysnesingen.no fekk inn 487 stemmer då me spurte om lesarane sine ambisjonar for 2015.

44% vil “Nyta dei små ting i livet”. Men ikkje alle synast dette er så viktig. 24% svarar at dei ikkje har ambisjonar for 2015, då dei er perfekte…. 12% ynskjer å leve eit sunnare liv og 8% som vil bli eit betre medmenneske. 5% vil ut på reisefot og like mange vil klage mindre.

“Flytte til Tysnespakken” fekk færrast stemmer med 2%, noko som tyder på at dei fleste som har svart allereie bur på Tysnes…?

Årets andre undersøking vil nok hjelpe livsnytarane å gjere det beste ut av ambisjonane sine. Det handlar nemleg om 2015 som er Friluftslivets År, og kva du vil gjere ut av det.