Illustrasjonsbilete

Teikne- og malekurs

Publisert av: Martha Nygård Lande
9/2/2021 09:00

Er du mellom 13 og 20 år, og likar å teikne eller male, er kanskje dette noko for deg.

Hausten 2020 fekk Frivilligsentralen og Psykisk helsearbeid for barn og unge (i Tysnes kommune) midlar frå Gjensidigestiftelsen.

Desse pengane skal dei bruke til ulike kurs. Målet er aktivitetar som er gratis og tilgjengelig for alle, uansett bakgrunn, økonomi, ressursar, evner osb.

Det vert ulike kurs, og fyrst ut er teikne- og malekurs.

Kurshaldar er Rose Utne, og Betsy hjelper til.

Det vil vera 4 gongar (tysdagar) og ein skal innom litt ulike teknikkar. Kurset har 9 plassar og det er både for deg utan erfaring, og for deg som kan ein del.

Kurset skal haldast i lokala til Treffstaden, og du treng ikkje ha med deg noko.

Oppstart vert 16. februar klokka 16.30.

Meld deg på innan 13. februar til:

Betsy på e-post betsy.nikolaisen@tysnes.kommune.no eller på mobil 478 76 133.

Trine Lise på e-post trine.lise.aasen@tysnes.kommune.no eller på  mobil 902 29 099