Matmarknad i Våge Gjestehamn

Publisert av: Martha Nygård Lande
6/7/2020 12:09

Laurdag 11. juli vert det igjen matmarknad i Våge.

Mange lokale matprodusentar kjem for å tilby sine produkt denne dagen.

Tveitakjerring – Lucianne Rijpkema. Frå matmarknaden i 2019.

Tveitakjerring – det vesle ysteriet på Tveit
Lucianne Rijpkema lagar kun uvanleg geitost, skriv ho på Facebook. Ho lagar ulike sortar ost frå eigen produsert, ureist geitemelk. Du kan få steikjeost, salatost, tre typar ferskost og drenert geityoghurt.

Villa Lunde bakeri
Eit hobbyheimebakeri som held til i Lunde. Der vert det produsert både brød og boller frå hytta, og er difor åpent i ferie og helger.

Gourmet grill Bjørnafjorden
Yolandi Carr lagar god og spanande grillmat.

Garden på Dalland
Irene og Anders Dalland sel kvalitetskjøt av vestlandsk fjordfe – kortreist og grasfôra direkte frå garden. Dei produserer også pølser, og har etterkvart fått ulike varianter, som er vel verdt å prøve.

Lygre Livsgard
Lygre Livsgard produserer brun geitost, rå kefir, kvark og myse. Dei har også for salg egg, litt grønsaker og skinn av kje. 

Eva’s mat
Eva’s mat får fyrst og fremst varene sine frå Middelhavet, nærare bestemt Kypros. Varene kjem frå familiebedrifter som legg si sjel i å tilby produkt av beste kvalitet. Dei sel extra Virgin olivenolje, oliven, honning og andre spanande håndplukka varer frå Middelhavet.

Eva’s mat – frå matmarknaden i 2019

 

Fru Aarviks bakeri
Fru Aarviks vesle bakeri & kjøkenhage held til i Baldersheim. I bakeriet er det hovudfokus på surdeigsbrød, scones og bollar. Ho har også ulike sortar grønsaker og urter.

Tysnesfellen v/Jorunn Økland
Jorunn Økland lagar ulike produkt frå eigne sauer – Tysnesfellen. Det er alt i frå heile feller, til små produkt som tøfler og vottar. På baksida av fellen trykker ho på ulike mønster.

 

På matmarknaden kan du både få prøvesmake og kjøpe med deg dei ulike produkta.