Kjekt på fotballskule

Publisert av: May Britt Meland
23/6/2023 07:59

Mandag, tirsdag og onsdag denne veka var det Tine fotballskule på Reiso.

110 ivrige barn i alderen 5-12 år hadde tre kjekke dagar med mykje fotball, litt frukt og sjokomjølk. Onsdagen vart avslutta med pølse og diplomutdeling.
Njardar/ Tysnes vil rette ein ekstra takk til flinke, unge instruktørar som har hjelpt til og vore gode førebilete for yngre spelarar i klubben. Samt A-laget som og har vore til god hjelp, og alle frivillige andre.

Glimt frå dei kjekke dagane:

 

 

Foto: Njardar/ Tysnes