Foto: Rebekka Høgestøl

Veteranbåt besøk og ny utstilling

Publisert av: May Britt Meland
18/6/2024 19:16

Denne veka blir det hektisk aktivitet på Årbakka Handelstad, torsdag 20. juni kjem veteranbåten M/S Granvin på besøk og på laurdag 22. juni opnar ei heilt ny biletkunstutstilling og vernissage.

M/S Granvin er på ei kulturhistorisk reise Bergen – Rosendal – Norheimsund, og kjem innom Årbakka Handelstad ca kl 12 før turen går vidare til Rosendal. Utstillingane på handelstaden, museet og kiosken vil då halde opent. Lise Kvinnsland fortel at sommarsalget av maleri fortsetter til etter besøket av M/S Granvin – så om nokon gjekk glipp av salget i helga som var, får dei no ein ny sjanse!

Laurdag kl 12 opnar ny biletkunstutstilling og vernissage, og då vert det servering av forfriskningar.

Utstillarar er: Anne Gro Starefoss Greve, malerier, Elisabeth Lerøy, malerier, og Øivind Hovland, tresnitt.

Lise minner om at kunsthandtverkutstillingane som er vert ståande i heile sommar.

Det er opent galleri og kiosk kvar laurdag og søndag frå kl 12 til 16 heilt fram til skuleoppstart.

Lise Kvinnsland ynskjer velkomen til ei fin kunstoppleving på Årbakka Handelstad.