Her er båtane på veg heim etter Tysnesfest Søndag ettermiddag.

Strålande fornøgd med båtfolket

Publisert av: Vegard Aslaksen
20/7/2018 20:57

Politiet rosar både Tysnesfest og båtturistane under festivalen. I ein rapport frå helga uttaler Politiet og Politibåten at oppførselen på sjøen har vore ufattelig bra i år. Politiet og Kystvakten har hatt svært god kontroll gjennom helga og har heile tida hatt 99 % oversikt over all båttrafikk til og frå festivalen kveld og nattestid.

I alt er det gjennomført 78 promillekontrollar utan ein einaste reaksjon. Lensmann Lorentz Lunde var sjølv med på sjøen og gjennomførte stikkprøver på Søndag då dei aller fleste båtane forlot Tysnesfest og sette kursen heimover. Heller ikkje her vart det nokon som førte båt med for høg promille.

Lensmannen synes Tysnesfest har gjort mange gode grep for å betra både tryggleiken og trivselen i hamna. Det er fleire og godt synlege vakter no enn før. No må førar av båten ha festivalpass og mannskap/passasjerar må minst ha dagspass ein av dagane. Dette har gjort at ein unngår å få mykje båtgjester som kun kjem for å festa i hamna. Det at ein har knytta saman bryggjeanlegga og no berre har eitt knutepunkt til land gjer at det også blir enklare å ha kontroll hamna. Summen av alle tiltaka har gjort det meir triveleg for både båtgjestene og naboar til hamna.

Dagleg leiar i Tysnesfest, Øystein Vaage, kan fortelja at det i år vart solgt 308 båtpass mot 336 i fjor. Det var i fjor Tysnesfest innførte krav om festivalpass til båtførar. Då gjekk antal båtpass ned frå 492 året før til 336. Besøkstallet under festivalen gjekk i midlertid opp i 2017. Antall båtar har difor ikkje så stor innverknad på besøkstallet under festivalen. Øystein trur likevel dei har noko å henta på å informera båtfolket om kva reglar som gjeld. I år hadde dei  mellom anna eit eige område for båtar som kom til Tysnesfest på dagstur for å gå på konsert og reisa heim att dagen etterpå.

Med unntak av eit par merknader til feil lanterneføring og manglande bruk av vest er det altså ikkje noko å utsetja på båtfolket som har vitja festivalen. Det var heller ikkje mange som i år klarte å stryka kjølen over “Horso” ved Gjerslingane. Berre ein båt fekk eit ugjestmildt møte med moderjord på veg inn til Våge.