Skjermdump frå Meterologisk Institutt

Ekstremværet Didrik

Publisert av: May Britt Meland
14/1/2020 14:13

Meterologisk Institutt har i dag oppgradert farenivået frå orange til rødt for vannstanden. Rødt er det høgaste farenivåetnivået  for vannstand.

Det er venta ekstremt høg vannstand i Sunnhordland, Rogaland, Agder og Hardanger.

“Det er ventet ekstremt høy vannstand på strekningen Risør-Austevoll, mens det er ventet svært høy vannstand på strekningen Austevoll-Frøya og Svenskegrensen-Risør. Vannstanden er ventet å være høyest natt til onsdag for Stad og sørover. På Vestlandet er det også ventet at vannstanden vil være svært høy onsdag ettermiddag.” heiter det på nettsidene til Meterologisk Institutt

Kva er ekstremt høg vannstand?

For Bergen sin del reknast det som svært høg vannstand frå 211 centimeter og ekstremt høg vannstand frå 230 centimeter.

Sist det var varsel om svært høg vannstand var i 2017 og då målte Bergen 219 centimeter. Tre år har det vore ekstremt høg vannstand i Bergen. Høgast vart det målt i 1990 med 240, i 1993 var det oppe i 233 og i 1994 235 centimeter.

 

Les meir på Meterologisk Institutt.no

 

Tysnesingen.no tek gjerne i mot dine bileter av ekstrem-floa!!!