Gudstenester i jula

Publisert av: Martha Nygård Lande
8/12/2020 11:38

På grunn av covid 19, er det framleis begrensingar på kor mange som kan vere med på gudsteneste.

Slik det er no, kan ein vere 50 personar, og det skal vere 2 meter frå skulder til skulder dersom ein ikkje er i frå same husstand. I Uggdal og Onarheim kyrkje er det plass ti 50 personar, medan i Tysnes kyrkje er det plass til 42 personar og i Reksteren kyrkje 24 personar.

For gudstenestene som skal vere i jula, må du melde deg på, og det er framleis slik at du må skrive deg på liste når du kjem til kyrkja. Lista vert makulert etter 14 dagar.

Slik vert gudstenestene for jula:

Søndag 20.12 kl 11.00 i Reksteren kyrkje (plass til 24 personar)
Påmelding innan 17.12 til kyrkjekontoret; tlf 481 23 170 eller 481 23 310

Mandag 21.12 Open kyrkje klokka 12.00 – 15.00 i Uggdal kyrkje 
Organist Andrè Eide spelar julemusikk.

Tirsdag 22.12 Open kyrkje kl 17.30 – 19.30 i Tysnes kyrkje 
Organist Andrè Eide spelar julemusikk.

Julaftan 24.12 kl 14.00 i Tysnes kyrkje (plass til 42 personar)
Påmelding innan 17.12 til kyrkjekontoret; tlf 481 23 170 eller 481 23 310
Gudstenesta vert strøyma grunna strenge smittevernreglar. Lenka vert lagt ut på Tysneskyrkjelydane sine sider og facebook.

1.juledag 25.12 kl 12.00 i Uggdal kyrkje (plass til 50 personar)
Påmelding innan 17.12 til kyrkjekontoret; tlf 481 23 170 eller 481 23 310

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Det vil  fremdeles bli begrensingar på kor mange som kan vere med på gudsteneste,  og i kyrkjelege handlingar, som  dåp, vigsel og gravferd.

Av den grunn  må ein ta kontakt med kyrkjekontoret og høyre kor mange personar kyrkja rommar.

Vi vil lage eit «oversiktskart» over dei muligheitene kyrkja har,  og ein kan blir bedt om å teikne inn kor mange husstandar som skal delta.

Det skal fremdeles skrivast liste på kven som kjem til kyrkjene , desse listene vert makulert etter 14 dagar.

Smittevern tiltaka , handsprit, vasking osv. vert oppretthaldt som no.

Samtalar av ulik karakter finn stad  i kyrkjerommet der det er store rom.

Om ein ynskjer samtale tar ein kontakt med kyrkjekontoret og gjer avtale