Ein nøgd kunde på premiere-utleveringa for Reko-Ringen Sunnhordland. Foto: Garden på Dalland

Vellukka premiere-utlevering

Publisert av: May Britt Meland
21/2/2019 19:28

Onsdag 20. februar hadde Reko-ringen Sunnhordland si aller fyrste utlevering ved Heiane på Stord.

Lokale produsentar kunne by på eit rikt utval av varer. Ein kunne på førehand tinga kjøt, pølser, mikrogrønt, egg, laks, syltetøy, saft, juice, økologisk is, brød, lefser og mykje meir. Alt rett frå produsentane.

Frå Tysnes stilte Garden på Dalland med sine velsmakande, handlaga pølser og kjøt frå grasfora vestlandsk fjordfe. Irene Dalland er svært nøgd med premiere-utleveringa. 14 produsentar leverte ut matvarer direkte frå bilane til nøgde kundar. Trass regnveret var det god stemning og veldig kjekt, seier Dalland.

 

Foto: Garden på Dalland

 

Kva er ein Reko-ring?

REKO fungerar som eit matfellesskap for eit begrensa geografisk område. Bestilling og marknadsføring skjer i lukka Facebook-grupper som alle kan bli med i.  Det vert på førehand annonsert når og kor det skal være utlevering. Så legg dei ulike produsentane ut kva dei har for salg. Kundane bestiller på førehand via facebook-sida. På sjølve utleveringsdagen leverer produsentane ut til kundane, og det heile er over på rundt ein halv time. 

Reko-ringen Sunnhordland si Facebook gruppe vart oppretta 22. januar i år. Gruppa fekk raskt mange medlemmer og er no oppe i nærmare 1800 medlemmer!

 

Foto: Garden på Dalland