Turpåskequiz i Lunde

Publisert av: Martha Nygård Lande
30/3/2021 09:20

3 flinke jenter har laga ein utandørs turpåskequiz.

Anna Olea, Iselin og Hedvig har laga quizen, som startar ved Bunnpris i Lunde. Der finn ein også informasjon og svarark. Dei oppfordrar til at du tar med deg din eigen penn.

Turen går opp Lio, gjennom Gjersmyro, over Lynghaugane, og ned frå Vassbakken til butikken.

Lundegrend IL stiller med tre premiar og vinnarar vert trekt 2. påskedag.