Vellukka HAFO cup

Publisert av:
4/4/2009 21:36

Frå klokka 10 til klokka 21 i kveld vart Tysneshallen fyllt med sportsinteresserte frå 4. til 10.klasse.

Femten lag tevla i den fyrste HAFO cupen som er arrangert på Tysnes. HAFO tyder ein omgong med handball og ein omgong med fotball. Laga måtte vera halvt om halvt med gutar og jenter.

Arrangementet viste seg å bli svært vellukka, og var truleg starten på ei årleg hending i Tysneshallen.

Bilete: Arild Pettersen og Gunnar Hansen