Arkivfoto frå Vårslepp 2018

Vårslepp hos Andersland Bygg

Publisert av: Martha Nygård Lande
25/5/2023 09:54

Laurdag 3. juni blir det igjen Vårslepp hos Andersland Bygg. Sist dette vart stelt i stand, var i 2018.

Dette blir ein dag med masse aktivitet, seier John Andersen, hos Andersland Bygg, til Tysnesingen.

Det er 12 leverandører som kjem, og i tillegg blir det ein del lokale bedrifter. Det kjem også nokre lokale utstillarar.

Andersland Bygg sponsar Njardar som skal til Norway Cup, og Njardar stiller med folk som skal steike vafler.

Det blir mange konkurransar for både born og vaksne, og her er det flotte premiar.

Denne dagen får du mange gode tilbud, og det blir auksjon av ulike bygg-produkt.