Ein blid og smilande turgjeng! Foto: Rebekka Høgestøl

Fyrste fellestur i Turlaget!

Publisert av: May Britt Meland
27/9/2020 19:26

I dag gjekk turen til Kyrkjevarden/ Nesevarden. Turen var ca 2,5 km kvar veg. -Me koste oss med lunch på toppen der me kunne sjå langt utover mot alle himmelretningar, fortel Rebekka Høgestøl, leiar i Tysnes Turlag.  Det var ein nydelig tur med ein flott gjeng!

 

 

På vegne av Turlaget ynskjer ho å retta ei stor takk til dei 8 deltakarane som vart med oss på vår fyrste fellestur!
-Og dei 2 barnefamiliane som leika seg i Hakkebakkestien i dag.

 

 

Dugnadsgjengen som tok seg ein merke- og ryddetur frå Hakkebakkestien på Neshavn og opp til Kyrkjevarden i går har gjort ein fantastisk jobb!

Foto: Tysnes Turlag/ Rebekka Høgestøl