Julequiz Del 3

Publisert av: Nicholas Kleppe
25/12/2019 07:58

I dag er det 1. juledag. Foreldra slappar av, ungane leikar med gåvene dei fekk i går og me har tre nye spørsmål.

Spørsmål 7
I 2018 importerte Norge 263 945 juletre. Frå kva land importerte me flest juletre?

Spørsmål 8
Kva for ei øy, som tilhøyrar Tysnes kommune, vart gitt som gåve til kongefamilien i 1905?

Spørsmål 9
Kor mange brikker står på brettet når ein startar eit parti sjakk?


Svara frå alle dagane samlar du i ein e-post og sender til post@tysnesingen.no søndag 29/12 innan klokka 23.00.

Hugs å skriv namn og telefonnummer.