Vårslepp i nydelig sol på Reiso

Publisert av: Vegard Aslaksen
26/5/2018 14:18

Trass den steikande varmen, hadde mange funne vegen til Andersland Bygg og Vårsleppet deira i dag. 26 leverandørar hadde rigga til stand, viste fram produkta sine og kunne gje gode råd til dei besøkende. Fleire av utstillarane hadde konkurranser der ein kunne vinna flotte premier.

Arrangøren bydde på gratis grillmat og drikke. Ved matteltet kunne ein setja seg ned å nyta maten i vårsola og la ungane hoppa ut litt energi i hoppeslottet som var rigga til for anledninga.

Sjølv om det ikkje akkurat frista å dra heim å snikra denne varme vårdagen, gav nok vårsleppet inspirasjon til mange som hadde byggje prosjekt på trappene.

Ein strålande blid Lars Atle Aase, dagleg leiar i Andersland bygg og speaker for anledninga, presenterte utstillarar og opplyste om konkurranser som gjekk føre seg på vårsleppet.
Utstillarområde med hoppeslott og sitjebenker.
Fylkesnes bil hadde bilutstilling
Stor aktivitet i matteltet der grillane gjekk for fullt.