Illustrasjonsbilete

Ingen lokal smitte på Tysnes

Publisert av: Martha Nygård Lande
13/2/2021 09:25

Det er ingen nye tilfelle med covid-19 på Tysnes.

Fredag 12. februar var det møte i Kommunal Kriseleiing, og Tysnes kommune informerer om at det ikkje er lokal smitte på Tysnes.

Kvar veke vert det utarbeida ei risikovurdering ut frå det lokale smitte- og vaksinasjonsbilete.

Risikonivået i Tysnes kommune i veke 6 er vurdert til nivå 1.  Her kan du sjå eigen informasjon om lokal smitterisikovurdering i i Tysnes kommune.

Det var ein liten auke i talet på personar som vart testa for covid-19 i veke 6, då det i gjennomsnitt vart testa 12-13 personar dagleg.

Koronavaksineringen i kommunen går som forventa, og i veke 5 fekk ein 5 hetteglas med vaksine, og ein forventar 10 hetteglas i veke 6.

Cirka 20 % av dosane vert gitt til helsepersonell i kommunen. I Tysnes kommune har dei tilsette på legekontoret fått sin fyrste dose, i tillegg vert helsepersonell som jobbar på Tysnes omsorgssenter prioritert.

Tiltak og lokale tilrådingar i Tysnes kommune

Tysnes kommune har kome med lokale tilrådingar i høve smittesituasjonen i kommunane rundt oss, som er definert som ring 1 og ring 2 kommunar. Tilrådingane gjeld i same tidsrom som dei nasjonale tiltaka i kommunane rundt oss gjelder, i fyste omgang til sundag 14.02.21 kl 18:00. Dersom dei nasjonale tiltaka i kommunane rundt oss vert vidareført, vert også Tysnes kommune sine tilrådingar vidareført.

Her kan du sjå dei lokale tilrådingane i Tysnes kommune.

Besøk på Tysnes omsorgssenter

Mange av bebuarane på Tysnes omsorgssenter har fått to dosar med vaksine, men det gjeld ikkje alle. Etter kvart som alle bebuarane er fullvaksinert – 1-2 veker etter at alle har fått sin andre vaksinedose, vil ein følgje nasjonale retningsliner og opne meir opp for besøk på omsorgssenteret.

Tysnes kommune har ikkje vore i ein smittesituasjon som har ført til dei strengaste restriksjonane i høve besøk på omsorgssenteret, og det er gjort nokon lempingar på gjennomføring av besøk. Gjeldande tiltak kan du sjå her: Samla informasjon om tiltaka i Tysnes kommune.