Yachtseglarane fekk ei interessant stund i Tinghuset.

Fekk møta nære jått-etterkomarar

Publisert av: Martha Nygård Lande
6/7/2026 16:57

Venelaget for jåttseglarane  har nyleg hatt storfint besøk av  yachtseglarar frå USA, Norge, Australia og dei nordiske landa.

Gruppa med ti yachtar i storleik 39-57 fot har i perioden 20. juni til 4. juli vore på fjordcruise på Vestlandet. Dei starta frå Åmøy hamn og avslutta cruiset der etter å ha besøkt Bekkjarvik, Bergen, fleire stader i Hardanger, Rosendal og Haugesund.

Gjennom mange år har yachtseglarar frå ulike land hatt flotte cruise kvart tredje år. Opplegget er eit samarbeid mellom North American Station (NAS) og Kongeleg Norsk Seilforening (KNS). I 2023 var cruiset ved New England, medan Stockholms skjergard gav fine opplevingar i 2019.

Yachtane i «Norsk Fjordcruise» var eit vakkert syn i Våge hamn.

 

New York Yacht Club

For gruppa i år var det eit sterkt ønskje om å få besøkja Tysnes, som i perioden 1900-1940 hadde så mange  med i amerikansk seglsport og America`s Cup som mannskap og offiserar.

Etter at Venelaget for jåttseglarane vart oppretta i 2009 har m.a. New York Yacht Club hatt god kontakt med Venelaget  i vel ti år.  Dette er den største seglarklubben i verda med over 3000 medlemer. For amerikanarane var det difor ekstra viktig  å få sjå staden der desse jåttseglarane frå Tysnes kom frå, men også dei andre i cruisegruppa sette stor pris på å få møta etterkomarane av jåttseglarane. Fire i styret hadde ein far som var med på dette «eventyret», to andre i styret hadde ein bestefar som jåttseglar.

Svært begeistra

Under opphaldet på Tysnes fekk cruisegruppa busskyss frå Våge hamn til Tinghuset. Der fekk dei m. a. sjå videoen «The Norwegian Steam og  utstillinga var viktig. Anders Bakke hadde gitaren med og dei fekk syngja «Jåttsongen»,  skriven av Anders med melodi av Kolbjørn Tvedt. Den gjorde lukke. Elles var det servering av kaker og kaffi og eit godt høve til å prata med medlemene i styret og andre frammøtte. Stunda i Tinghuset vart for alle hyggeleg og minnerik.

Olav Kalgraf, Anders Bakke og Hendrik Fasmer hadde mykje å prata om.

Hendrik Fasmer frå Bergen har vore Venelaget sin kontaktperson og sentral i planlegginga av  «Fjordcruise 2026». Etter besøket på Tysnes gav han uttrykk for at opplegget hadde vore flott og interessant. Alle hans austkyst amerikanske vener var svært nøgde og begeistra for det dei hadde fått oppleva. Stas for Venelaget å få ei slik tilbakemelding, og samstundes er det kjekt å vita at dette er god PR for Tysnes i vide krinsar.

Kjell A. Lunde og Hallgeir Kismul (begge til høgre) saman med to av amerikanarane.

 

Tekst: Hans Ole Dalland

Ps. På Venelaget si nettside er det mykje interessant å lesa om jåttseglarane frå Tysnes. Nettsideadressa er: jaattlaget.com/en       

Nettsida kan no også lesast på mobil.