Illustrasjonsbilete

Valentinsdag

Publisert av: Martha Nygård Lande
14/2/2023 09:55

I dag, 14. februar, er det Valentinsdag, eller som nokon også seier; Alle hjerters dag eller Kjærleikens dag.

Dagen vert feira med gåver eller oppmerksomhet i form av blomar, konfekt eller eit kort til den utvalgte.

I likhet med halloween, morsdag og farsdag er valentinsdag ei spesiell feiring som har kome til Norge ved påvirkning frå USA.

Feiringa i Norge har ikkje røter tilbake til den katolske perioden i kyrkja. Ved kalenderrevisjonen i 1969 vart St. Valentins dag fjerna frå den katolske kyrkja sin universelle kalender, då det knytta seg så mykje usikkerhet til helgenane som vart feira på denne dagen. Valentinsdagen kan likevel feirast lokalt.

Dagen skal fyrst ha blitt assosiert med romantisk kjærleik i kretsen omkring den engelske diktaren Geoffrey Chaucer. Det kan ha samanheng med ei forestilling om at fuglane si paringssesong starta 14. februar. I diktet The Parliament of Fowles skriv Chaucer at fuglane søkte make på St. Valentins dag.

 

Nokon vil trekka skikken med å velga ein partner på denne tida heilt tilbake til den romerske Juno-festen til ære for gudinna som var ekteskapet sin beskyttar. I midten av februar vart det i Roma feira ein årleg Lupercalia-festival for å halde vonde ånder på avstand, rense byen og fremme helse og fruktbarhet. Når pave Gelasius i 496 bestemte at 14. februar skulle feirast til ære for helgenen Valentin, kan det ha vore eit forsøk på å avskaffe dei heidenske tradisjonane.

Utviklinga gjekk så vidare til at ein på 1700-tallet byrja å uttrykke sin kjærleik med blomar, konfekt eller kort som vart kalt valentiner. Fleire stader i Europa vart det ein skikk å gje ein St. Valentins nøkkel som mottakaren kunne låsa opp gjevarens hjarte med. På 1800-tallet fekk ein masseproduserte valentinkort der motivet gjerne var hjerter, duer eller gudar frå antikken med vinger.

 

Valentinsdagen i Norge
I USA har kommersialiseringa av dagen gått svært langt, og i 2015 vart det omsatt valentinsprodukt til ein verdi av 144 milliarder kroner. Sjølv om Posten og handelsstanden i Norge har markedsført sine tenester og produkt, har ikkje dagen blitt like populær her.