Dette fragerike og flotte haustbildet stakk av med sigeren i teiknekonkurransa.

Vinnaren er kåra

Publisert av: May Britt Meland
12/10/2020 14:09

Det strøyma på med teikningar då “Våge sentrum” i haustferien utlyste teiknekonkurranse. Temaet var: HAUST PÅ TYSNES

Det var to premiar til dei mellom 0 og 12 år, ein for beste teikning og ein tilfeldig trekt vinnar. I tillegg ein premie til beste teikning i aldersgruppa 12-100 år.

Responsen var overveldande, og det vart etterkvart mange flotte teikningar som pryda veggane i butikkane i Våge.

Bertine Dalland vann, og fekk eit gåvekort på 500 kr.

Ein glad vinnar!

 

Ronja Dalland vann gåvekort på 300 kr, og Iren Tvedt Asbjørnsdatter Færavaag vann gåvekort på 500 kr  for beste teikning i aldersgruppa 12-100 år.

 

Her ser du eit knippe av dei mange teikningane som kom inn: