Årbakka Handelstad, foto: Rune Øvrebotten. Innfelt til høgre, Rebekka Høgestøl og Tilla, foto: Privat

Klar for ny sesong med ny driftar

Publisert av: May Britt Meland
7/4/2019 19:39

I slutten av mars i år kunngjorde Anne-Lis og Rune Øvrebotten at dei ikkje lenger kjem til å drifta handelstaden på Årbakka. Paret har dreve handelstaden sidan 2011, og dei fortel at den har vore ein vesentleg del av livet deira. Arbeidet har vore gjevande, men sviktande helse gjer at dei no må gje seg.

Ny driftar
Rebekka Høgestøl vert ny driftar av handelstaden. Ho viser stor interesse for kulturen i bygdo og kystkulturen, så det er med glede og i trygg forvissing om at arbeidet blir teke vare på at vi no overlet styringa til henne seier Anne-Lis og Rune.

Rebekka har teke fatt på arbeidet med friskt mot. Arbeidet med å gjere bygningane klare til å ta i mot gjestar er i full gong, og programmet for opningshelga er på plass!

 

Velkommen til Sesongopning på Årbakka!

Fyrste opningshelg er i påska frå 19.-22. April :)

Program Langfredag 19. april:

Ope frå 13-17

13:00 Opningstale av Anne-Lis Øvrebotten

13.15 Open smia, krambu og sjøbu. Det vil òg verta eit minimarked med blant anna stand av Vossabia, Isrosa, Tveitakjerring-det vesle ysteriet på Tveit, Arvids Trekunst & Dekorasjon, Maja Design, Sissel Karin Clausen, Johannes Tveit og Garden på Dalland som de lyt få med dykk.

14:30 Miniforedrag av Vossabia, møt opp ved standen hennar om du vil høyre om urter i naturprodukt rask effekt, velvere og miljøvennleg!

 

Program Påskeafta 20. april

Ope frå 12-17

13:15. Påskeeggjakt for barn

 

Program 1. Påskedag 21. april

Ope frå 12.17

 

Program 2. påskedag 22. april

Ope frå 12 – 17

 

Velkommen til ny sesong på Årbakka! 

Gratis inngang.

 

Meir info finn ein på Årbakka Handelstad sine sider på Facebook.