Tysnes kommune er no tom for influensavaksine

Publisert av: May Britt Meland
28/10/2020 20:50

Tysnes kommune melder i kveld på sidene sine at dei no er tom for vaksine.

Det var stor oppslutning om årets influensavaksine, og lange køar då vaksineringa starta på mandag. 370 personar har fått vaksinen.

Dersom du er i risikogruppa og ikkje har fått vaksinert deg, er rådet å ta kontakt med apotek såframt dei har igjen.

Det er heller ikkje naudsynt med resept for å få vaksine frå apoteket.

Tysnes kommunen presiserer at dei ikkje har fleire vaksiner, og vil heller ikkje få tak i. Fastlegen kan heller ikkje skaffe fleire vaksiner.