Listetoppene - Frå v: Mange Skartveit (Krf), Arne Leite (Sp), Anne Merete Fjeldstad (Ap), Kåre Martin Kleppe (H) og Magnar Solheim (Frp). Bilete er frå debatten på Mandelhuset sist fredag, 30. august.

Valdebatt på Mandelhuset

Publisert av: Vegard Aslaksen
31/8/2019 12:59

Tysnesbladet inviterte fredag til valdebatt på Mandelhuset. Listetoppene til Krf, Sp, Ap, H og Frp vart utfordra på ei rekkje spørsmål både frå debattleiar Geir Rommetveit og frå publikum i salen.

Mange tilhøyrarar

Festsalen på Mandelhuset var fullsatt og det var tydeleg at mange var interessert i å få enda bedre beslutningsgrunnlag før ein skulle avgi si stemme på valdagen. Det var ikkje mykje nytt som kom fram under debatten. Partia på Tysnes er einige om det aller meste. Det er berre i saka om 1-10 skule på gjerstad som har eit tydeleg skille mellom partia.

Spørsmål frå salen

Frå salen kom det mellom anna viktige spørsmål som kva ein skal gjera for å både bedra infrastruktur og sikra folkevekst på Tysnes. Sjølv om kommunen har konkrete planar for å bedra mobildekning på øya er det framleis fleire hol å fylla. Dette gjeld ikkje berre mobildekning men også dei etterkvart elendige vegane på Tysnes. Når det gjeld folkevekst har Tysnes har hatt ein liten auke i folketalet. Men dette skuldast i all hovudsak at ein har tatt imot flyktningar.

God stemning

Geir Rommetveit gjorde ein god jobb som debattleiar. Passe spiss, ironisk og sørga for at både tilhøyrarar og politikarar trakk på smilebandet.