Gjer deg klar, Påske-kryssordet startar i morgon

Publisert av: May Britt Meland
8/4/2020 10:29

I morgon brakar det laus med årets Påske-kryssord her på Tysnesingen. I år er det til saman 16 spørsmål fordelt på 5 dagar. Kvar dag, fram til og med andre påskedag, publiserer me 3-4 nye spørsmål. Svara fyller du inn på rett plass i kryssordet under for å koma fram til eit løysingsord i det gule feltet.

Premien i år er eit kjempeflott “hashtag”- handkle, eit “Tysnesingen”-krus og ein stor pose Twist.

Alle som sender inn rett løysing på heile kryssordet innan fristen er med i trekninga av premien.

 

Link til kryssordet i pdf format finn du her.

 

Frist for å senda inn rett løysingsord er 2. påskedag kl 2100

Tysdag i neste veke trekkjer me vinnaren av hovudpremien.

God påske og lukka til!