Foto: Johnny Helgesen

Njardar-Eikelandsfjorden 1-4

Publisert av: Vegard Aslaksen
27/4/2019 19:44

Lørdag var det seriestart for A-laget til Njardar i 6 divisjon. På motsatt banehalvdel sto Eikelandsfjorden.

Me fekk ein god start der me hadde kontroll på spelet tidlig i kampen. I tillegg klarte me å sette inn ei scoring i denne gode perioden. Me slapp inn eit litt enkelt mål imot før pause og dermed sto det likt då me starta andre omgang. Me gjekk på banen igjen med eit håp om å scora eit tidlig mål. Eikelandsfjorden fekk den neste scoringa og då valgte me å stå høgt i press. Dessverre bøtta det imot på det meste, sjølv om me var duellsterke i alle ledd. Eikelandsfjorden scora to til før det var slutt, der eitt av dei var på straffe. Me håpte å få med oss nokre poeng i starten av sesongen, men Eikelandsfjorden var gode og sette sjansane sine. Me fekk det ikkje heilt til å stemma framover idag. Me har litt å jobba med, men er samtidig fornøyd med mykje av spelet vårt. No får me berre trena godt i veka som kjem og sjå fram mot neste kamp som er borte mot Laksevåg neste lørdag.


Tekst: Aksel Lande
 

Foto: Johnny Helgesen

 

Foto: Johnny Helgesen