Foto: Opplysningskontoret for brød og korn

Vaffeldagen

Publisert av: Martha Nygård Lande
25/3/2020 12:04

I dag, 25. mars, er det vaffeldagen.

Vaffeldagen er ei svensk oppfinning, og er den dagen då ein tradisjonelt har feira Marias budskapsdag – altså den dagen Maria fikk beskjed av engelen Gabriel om at ho var gravid med Jesus. Og kva har det med vafler å gjere?

Forklaringa skal vera at Maria i tidlegare tider vart omtalt som ”vår fru”. Budskapsdagen var ”vårfrudagen”, og det vart altså til ”våffeldagen”. Eit slags bevis på at det er sant, er at folk i Skåne ikkje fekk den same tradisjonen, der heiter dagen ”fruedag”, som på dansk.

Ei like sannsynleg forklaring kan og vera at det i slutten av mars byrja å bli litt meir tilgang til både egg og mjølk etter mange magre vintermånader, og at feiringa av denne dagen var ein kjærkommen anledning til å kose seg litt.

Historien til vafler kan sporast heilt tilbake til det gamle Hellas. Grekarane steikte flate kaker mellom to varme metallplater, som hadde varmeisolerende håndtak av tre. Denne måten å steike på spredte seg, gjennom middelalderen, til store deler av Europa.

Informasjonen er henta på wilfa sine nettsider, her kan du og lese meir om historien til vaflene.

Meir historie og spanande oppskrifter kan du og finne på Opplysningskontoret for brød og korn.

Foto: melk.no