Ivrig dugnadsgjeng på Skihytta Ådnastegen

Publisert av: May Britt Meland
17/3/2024 21:43

Det har vore ei strålande flott dugnadshelg på Ådnastegen. Gjengen har fått hogge mange granar, kløyvd store mengder ved, lagt i massevis med småsekker, brent ein del greiner og hatt det riktig så triveleg tross lange arbeidsdagar.

“Skihytta Ådnastegen” rettar ei stor takk til alle som har bidrege på dugnad! Og vil samtidig takka Tysnes Kraftlag, Fatland og Nortura Sandeid som sponsa med midlar til utstyr og felles mat.

“Skihytta Ådnastegen” kjem med fylgjande oppmoding:
“Om nokon går forbi Ådnastegen og har lyst å hjelpa oss, så hiv gjerne ei grein og to i ein haug som me kan brenna. Oppom utedoen ligg det fleire gran som er kvista, og greiner som klar for eit bål. Om du tar i eit tak så send Juniane ei melding, for me samlar inn timar «som betaling» til kraftlaget. Me er glad om du har 10 minutt eller eller 1 time til rådighet, alt hjelper på!”