180 Glimt med Kristin Teigland Gjerstad Kleppe, Thor Aakre og Kåre Gjerstad.

Flest Tysnesbåtar i Oselvar-NM

Publisert av: May Britt Meland
22/8/2022 12:49

Oselvar-NM vart i helga arrangert på Fanafjorden med Bergens Seilforening som arrangør. Båtlaget Njord/Tysnes stilte med heile åtte båtar til start.

19 båtar stilte til start i årets Oselvar-NM.

 

Av desse vart Seira, med rormann Svein Økland, mannskapet Åshild Økland og Tor Inge Malkenes, beste båt med ein femteplass totalt. Seira opplevde også litt dramatikk i starten på det siste løpet, då båten var involvert i ein kollisjon med kollsegling til følge. Alle vart raskt berga og båten vart teken under slep til lands.

Båtlaget Njord/Tysnes kunne også skilta med både eldste deltakar, Bernhard Gjerstad, og barnebarnet Victoria Gjerstad som yngste deltakar.

Frå venstre: 180 Glimt med Kristin Teigland Gjerstad Kleppe, Thor Aakre og Kåre Gjerstad. 56 Gneisten med Jan Skibenes, Sigmund Sandvik og Ivar Hjellestad, 59 Spretten med Torunn Nødland, Victoria Gjerstad og Arild Teigland Gjerstad. Nærast kamera: Fremst 14 Knuppen med Tuva Handegard, Synnøve Halvorsen Malkenes og Lars Grøteide.

Også i arrangørbåten var Tysnes representert, Vegard Aslaksen var medhjelpar, som førebuing til at Båtlaget Njord/Tysnes skal vera vertskap og arrangør av Oselvar-NM 2023.

Dei til saman åtte seglasane gjekk føre seg laurdag og sundag i frisk vind på Fanafjorden.

18 Berserk, 59 Spretten og 126 Susi.Dei til saman åtte seglasane gjekk føre seg laurdag og sundag i frisk vind på Fanafjorden.

For resultat: https://manage2sail.com/…/7bcacbc7-dd36-4fb4-b49f…

Tekst: Kjell Magnus Økland