Elisabeth Godøy er glad for at galleriet er til glede for så mange. (Foto: Hans Ole Dalland)

Kunstgalleriet god ambassadør for Tysnes

Publisert av: May Britt Meland
18/6/2018 18:06

Tekst og foto: Hans Ole Dalland

I år har Galleri Elisabeth G 20-årsjubileum. Det populære og svært godt besøkte galleriet opna sommarsesongen laurdag.

Gjennom desse 20 åra har Elisabeth Godøy gjort stor suksess med galleriet sitt i den tidlegare kolonialbutikken i Våge. Der har ei lang rekkje av dei fremste kunstnarane i landet vore representerte. Til og med Dronning Sonja høyrer med i lista av kjende namn. Det var under kongebesøket i 2009 at Dronning Sonja var den store publikumsfavoritten den sommaren i galleriet.

Frå USA

Under opninga på laurdag var det smekkfullt i gallerilokala. Mange av dei frammøtte kom frå kommunar andre stader i Sunnhordland, frå Bergen og andre kantar av landet. Dei lengstfarande kom heilt frå USA.

Elisabeth uttrykte glede over at galleriet hennar har fått så stor interesse og er til glede for mange. Ho nemnde under opninga at utstillinga i år er ei vakker kollektiv utstilling med maleri, grafikk og skulptur av dei kunstnarane ho har kjent og hatt med gjennom desse 20 åra. Til dei høyrer mellom andre Ørnulf Opdahl, Frans Widerberg, Per Kleiva og Håkon Gullvåg.

Kunst har mange funksjonar

Anne Lise Fimreite stod for den offisielle opninga. Ho er professor ved institutt for samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

-Heilt frå eg var ei lita jente har eg feriert med familien min på Tysnes. Om somrane var det stor stas og spennande å vera i desse lokala i den gongen kolonialbutikken K. B. Epland. Handleturane til Våge var gode opplevingar, som eg har som fine minne. Som galleri er dette ein fantastisk og sentral plass, og Elisabeth har noko godt på lur kvart år. Eg handlar alltid kunst her, fortalde Fimreite.

Ho nemnde vidare at kunst bind oss saman, og galleriet er eit samlingspunkt. Kunst har ulike funksjonar og skapar så mange oppfatningar. Kunst verkar som ein isbrytar. Kunst gjev oss gode opplevingar, men kunst kan òg vera motbydeleg og provoserande. Kunst kan vera krevjande, stillfarande og stiller spørsmål om kva som er ekte, sant og fint. Kunst kan utfordra og engasjera.

Under opninga fekk publikum elles med seg song av Lise Skjåk Dalen til tonefylgje frå Jurgita Bubilaite, og det vart servert kanapér.

Anne Lise Fimreite opna utstillinga på laurdag. (Foto: Hans Ole Dalland)

 

Lise Skjåk Dalen famførte to songar til tonefylgje frå Jurgita Bubilaite. (Foto: Hans Ole Dalland)