Utlodning for nytt kjøken

Publisert av: May Britt Meland
23/6/2021 18:42

Me skipar til utlodning til inntekt for å oppgradere kjøkenet i det gamle Tinghuset

kr 10.- per lodd.

Du kan kjøpa lodd ved å betala inn til Tysnes Bygdekvinnelag sin konto:  3525.40.54141, eller sende på VIPPS til 625815.

NB!  Det er då viktig å skriva i kommentarfeltet telefonnummeret ditt og Lodd.

 

Det er over 30 fine gevinstar og her er litt av dei:

Handlaga lefsetine

Gards og Ættesoge for Tysnes, 4 bind

Saueskinn laga av Jorunn Økland

Handlaga fletta korg med garn

Fleire strikkagensarar for born, dame og herre

Strikka selbuhanskar, vottar og pannebånd

Rosemåla skål laga av Marianna Heggland

Middag for 2 på Håheim og på Mandelhuset

Reisegåvekort kr 1000

Gåvekort frå butikkar i Våge

Stavmiksar, Vaffeljarn og Krumkakejarn

Tysnesingar i Krigsår av Sveinung Økland

Levande Mattradisjonar  Smaken av Sunnhordland

Brodert bilete

Løpar i lappeteknikk

Dokke med kle

Og endå noko meir

 

Du kan lesa meir om prosjektet i saka her.

Me vonar at du vil kjøpa lodd!

 

Tysnes Bygdekvinnelag