Tysnes Bygdekvinnelag – med hjarte for eit gamalt kjøken

Publisert av: May Britt Meland
22/6/2021 20:44

Tinghuset har vore som ein institusjon i Tysnes i over 100 år.  Det er Tysnes Sogelag, Tysnes Bygdekvinnelag og Venelaget for jåtteseglarane som no leiger huset frå kommunen, og sidan hausten 2019 har alle laga lagt ned mange dugnadstimar.

I 2.høgda er det eit kjøken som Bygdekvinnelaget har eit strerkt ynskje om å få sett i stand. Det må oppgraderast for å innfri dagens krav, samtidig vil me prøva å bevara det gamle.

Me har fram til no søkt om og fått tildelt kulturmidlar frå Tysnes kommune.  Vidare har me fått tildelt midlar frå Tysnes Sparebank, Sunnhordland amatørkulturråd og tilsagn om midlar frå Tysnes Kraftlag.  I vinter hadde me og ei kronerulling der me fekk inn kr 13 400.  Og hjarteleg tusen takk til alle dykk som har sendt oss bidrag.

Til arbeidet som må gjerast i kjøkenet er det estimert ein kostnad på ca kr 80 000,-.

For at me skal klara å få dette til, så har me valt å skipa til ein utloddning.

Me er sers glade for alle dei fine gevinstane som me har fått.  Det meste er frå medlemmar i Bygdekvinnelagt, men og frå Sogelaget, Venelaget for Jåtteseglarane og frå næringslivet Tysnes.

I morgon vil me starta opp å selga lodd og du vil få lesa meir om det her på Tysnesingen.

Tysnes Bygdekvinnelag