Foto: Palfinger sitt klubbmeisterskap i bowling 2017.

Tysnesmeisterskap i bowling

Publisert av: May Britt Meland
10/4/2018 10:53

Tysnesmeisterskapet i bowling vert arrangert onsdag 25. april kl. 1800.

Meisterskapen er for vaksne og er open også for deltakarar frå andre kommunar.

Påmeldingsavgift kr. 100 som vert betalt ved frammøte.

I år innfører me førehandspåmelding, og dei 24 som melder seg først, får delta. Påmelding til helge.hauge@haugnett.no eller sms til 99640123.

Dersom det er ledige plassar, kan etternølarar melda seg på mellom 1730 og 1745 turneringsdagen.
Tysneshallen bowling