Årbakka Handelstad, foto: Rune Øvrebotten. Innfelt til høgre, Rebekka Høgestøl og Tilla, foto: Privat

Det nærmar seg opning

Publisert av: May Britt Meland
13/4/2021 11:22

1. mai er det sesongopning på Årbakka Handelstad. Driftar Rebekka Høgestøl gler seg stort til ein ny sesong. -Eg håpar koronasituasjonen er i sjakk, slik at vi kan få ein fin sommar på kaien. Rebekka planlegg å ha ope kvar laurdag og søndag i tidsrommet kl 12-17, fram til skuleferien. Etter det vert det ope onsdag til søndag i same tidsrommet.

Det er eit rikt utval utstillarar også i år, så det er berre å gle seg! Dei ulike kunstnarane og handverkarane vert presentert framover, så følg med på facebooksida til Handelstaden.

Her kjem fyrste presentasjon:

Marit Vikan, 67 år, født og oppvokst på Stjørdal i Trøndelag fylke og flyttet til Vestlandet i 1981.
Jeg har malt i mange år, har deltatt i en del kurs og har i de senere år mottatt veiledning av kunstnerne Jarl Hugo Låstad og Jan Erik Willgohs.
Jeg maler bilder i olje eller acryl.
Min inspirasjon henter jeg fra det jeg ser rundt meg til enhver tid, natur og mennesker, og det som oppleves som indre “bølger” i mitt sinn.

Marit Vikan