Prosjekt med totalrydding av stranda i Kolavika

Publisert av: Martha Nygård Lande
26/2/2020 15:05

Bergen og Omland friluftsråd, BOF, er godt i gang med prosjektet for totalrydding av stranda i Kolavika som ligg i “Ånuglo, Midtøya, Seløya og Flornes naturreservat”.

Her skal fleire strender ryddast for makroplast som ligg på overflaten, men stranda i Kolavika skal rensast heilt for plast, kan ein lesa på BOF si facebookside. Denne vika er, og har vore ein oppsamlingsstad for marint avfall i lang tid, der heile jordsmonnet er sterkt infisert av plast.

 

 

Målet er å hjelpe naturen tilbake til sin opprinnelige tilstand uten plast. Dei første dagane har me fjerna rundt 25 tonn av dei verste massane i strandvollen, men mykje gjenstår fortsatt.

Norce vil overvåke stranda i ein periode på 5 år for å skaffa betre kunnskap om korleis stranda reagerer på eit slikt inngrep, kor mykje mikro-og nanoplast det er igjen på stranda og kor stor tilførsel av marint avfall me får dei neste åra. Ein skal fortsette å rydde kvart år, og undervegs i prosjektet vil erfaringer og kunnskap  verta offentliggjort gjennom rapporter, som vil være tilgjengelig for alle.

 

Tekst og bilete gjengitt med tillatelse frå Sveinung Toppe, Bergen og Omland friluftsråd.