Tysnes konfirmantane har laga eiga temagudsteneste

Publisert av: May Britt Meland
4/4/2019 19:37

Konfirmantane på Tysnes har vore på leir på Solgry og laga si eiga  gudsteneste. Den er laga utifrå fasteaksjonen sitt tema: « Gje eit liv med vatn». Heidi Hollekim, trusopplærar ved Tysnes kyrkjekontor, vonar mange kjem for å få med seg denne flotte temagudstenesta som vert framført av ungdommane. Både kyrkjerommet og gudstenesta blir prega av årets fasteaksjonstema: «Gje eit liv med vatn»  fyrstkommande søndag, 7. april kl 16.30.

Etter gudstenesta , vil årets konfirmantar gå rundt i Tysnes bygdene med fastebøssene til Kirkens nødhjelp.
Årets aksjon heiter «Gje eit liv med vatn».  Pengane går til Kirkens Nødhjelps arbeid over heile verda.

Reint vatn reddar liv! Difor er vatn noko av det aller første Kirkens Nødhjelp stiller med i katastrofar.
-Me håpar folk ter godt imot bøsseberarane, og har pengane klare når me kjem med bøssene søndag ettermiddag/ kveld 7. april, seier Hollekim.