Vei du kva dyrespor dette er?

Publisert av: May Britt Meland
21/2/2018 17:18

Tysnesingen har motteke desse bileta av ukjende dyrespor som er teken på Haukefær på Reksteren

Kåre Torbjørnsen har denne vinteren observert dyrespor i snøen i skogen rett ved der han bur på Haukafær på Reksteren. Han undrast kva for eit dyr som har spasert forbi.

Torbjørnsen har avdekka at dette ikkje er hjort med klaue eller rev med spå pote. Heller ikkje er det kattespor. Etter fleire søk på nettet er det faktisk jervespor som lignar mest. Men jerv har vel aldri vore observert korkje på Tysnes eller på Reksteren.

I tillegg kan han informera at sommaren 2016 naboen mista eit vêrlam i skogen der desse spora er fotografert. Værlammet var drepen ved at strupen var reven over. Så var det gnage på ein fot. Kan dette være jerven som har drepe lammet?

Bileta er teke i skogen 2. januar 2018.

Har du tips om kva dyr som har vore på ferde her, send mail til kaartorb@online.no