Kjekt med mykje folk i bygdastovo

Haustbingo i bygdastovo på Flatråker

Publisert av: Martha Nygård Lande
24/10/2022 07:28

Det var mykje folk i Bygdastovo på Flatråker fredag 21.oktober, då den tradisjonelle haustbingoen vart arrangert.

Stas at det kom både erfarne bingogjester og heilt nye!

Full konsentrasjon

 

Flotte gevinstar, kor mange av dei vil lyse og varme fint opp i stovene denne hausten!

I pausen vart det servert kaker til kaffien, det smakte som alltid.

Bingovert Morten med ein av dei gode hjelparane sine, Oscar

 

Styret i Bygdalaget på Flatråker takkar så mykje for ei fin stund saman!