Tysnesfest UNG – ein festival i festivalen!

Publisert av: Martha Nygård Lande
8/5/2019 09:00

Laurdag 13. juli dreg me i gang ein ny festival i festivalen. Tysnesfest UNG!

Her blir det youtube-show, vitenskapsshow, konsertar og musikal! Me har i år gjort om på konseptet for marknadsdagane, og kjører ein heil dag med underhaldning for born og unge i Bermudateltet! Artistane som kjem til Tysnesfest UNG er svært populære blant målgruppa og me forventar bra pågang på billettane.

 

Murdrocks og Agnetesh

Agnete og Markus, kanskje bedre kjent som Agnetesh og Murdrocks, er begge med i eithundretusen-klubben. Det vil si at dei har meir enn 100 000 fylgjarar på Youtube, noko som gjer dei til to av dei største “Youtubera” i Norge.
Agnete elskar ostepop, life hacks og Pærra (Paradise Hotel), mens Markus diggar kattane sine og mors flattbrød. Og med ein slik duo så må det berre bli bra.
Her har me kanskje dei to morsommaste Youtubarane og dei vil garantert skape god stemning og gje deg eit innblikk i deiras Youtube verden.
Sjansen for selfiar og autograf er overhengande stor!


Serlina

Bergensjenta SERLINA har sunge sidan ho var seks år gammal, og har levd og ånda for musikk sidan då. Enten som ein del av familiegruppa Team Sulebakk, eller som ein ung vaksen soloartist med brennande formidlingsbehov.

Det har no gått tre år sidan ho skreiv låten «Målløs» saman med Skei&PT i Tv-programmet «The Stream», – ein låt som blei lista på NRK mp3 og er streama nesten 7 millionar gongar på Spotify.  Ho har og bidrege på Erik og Kriss sin singel «Superhelt», og har gjeve ut «Puste Under Vann» og «Eg Digger Deg» som soloartist.

 

Eipera “EIT VITSKAPLEG EVENTYR”

Ein smeltande Askeladden? Ei prinsessa som badar i minus 200 grader? Eller eit ekte troll-fyrverkeri? Uansett kva som pirrar nysgjerrigheita; «Eit vitskapleg eventyr» har det!

Ein kan ikkje anna enn å la seg begeistra når vitskap og galskap møter eventyr-sjangeren i det forrykande vitenshowet «Eit vitskapelig eventyr». Med spektakulære eksperiment, flammar, røyk og smell, får publikum ein unik og morsom reise gjennom norske folkeeventyr.

Musikaljentene – “Gaten vår”

Ein familiemusikal om livet, kjæreiken og tida.
«Gaten vår» er ein nyskrevet familiemusikal av Musikaljentene. Den fantasifulle guten Sebastian flyttar inn i ei gate med ein mørk forbannelse over seg. Ved bruk av leik, kreativitet og sine magiske fargesteinar snur han livet i gata opp ned.
”Gaten vår” er Musikaljentenes tredje eigenskrivne musikal. Dei har tidligare skapa suksessforestillingane ”Julens Magi” og ”Marerittet”.

Dei blir hylla i media, og får strålande tilbakemeldingar frå publikum som har sett førestellingane.

GUTTA

Gruppa GUTTA frå Frekhaug like utanfor Bergen, består av 5 talentfulle gutar mellom 11 og 12 år. Gruppa starta som eit prøveprosjekt i 2016, men frå hausten 2018 blei det satsa for fullt og gruppa reiser no heile landet rundt og blir svært godt mottekne alle stader dei opptrer.

I april 2019 gav GUTTA ut låta «Hei» og eigen musikkvideo. Låten gjenspeilar det som er typisk for gjengen,- kule låtar for aldersgruppa, men gode og positive tekstar.

Det er lett å sjå at gjengen trivst med det dei held på med, og dei har ein fantastisk utstråling på scena. Showet legg stor vekt på dans og koreografi.

Gutta driv og sin eigen YouTube kanal kor det med jamne mellomrom blir lagt ut Vloggar kor dei fortel korleis det er å vera ung i dag.

 

Tysnes Soul Children + Tysnes barnekor

Tysnes Soul Children og Tysnes Barnekor har delteke på STORKONSERT fleire gonger og kjenner både Gutta og Serlina godt. Derfor synes me det passa godt å spørje dei om dei ville vera med som kor når me skal laga til Tysnesfest UNG i Bermudateltet i år.

 

Med venleg helsing
Øystein Vaage

Dagleg leiar / CEO
Stiftinga Tysnesfest