Inviterer til busstur til Geilo.

Publisert av: May Britt Meland
22/2/2020 21:13
Tysnes støtteforening arrangerer også dette året busstur. Denne gongen går turen til Geilo, 11-13.mai.
.
Turen denne gongen går altså over 3 dagar (2 overnattingar) og me kan presentera eit innhaldsrikt program med mange fotte opplevingar undervegs. Me vil tru dette kan verta ei god «oppladning» til 17.mai. Bussjåfør er som vanleg på desse turane Svein Bjarne Aase.
.
Turen startar og endar på Hodnanes slik at det er enkelt for mange å bli med.
Fyrste dagen går turen via Våge til Gjermundshamn. Deretter til Odda og langs austsida av Sør-fjorden, til Lofthus, Kinsarvik og Eidford innerst i Hardanger. Her blir det besøk på Hardangervidda Natursenter, opplevingssenter for norsk natur, klima og miljø, og besøkssenter for Hardangervidda nasjonalpark. Utanom utstillingane får me oppleva den spektakulære panoramafilmen «Fjord Fjell Foss» regisert av Ivo Caprino. Etter besøket i Eidfjord køyrer me over Hardangervidda til Geilo, der me skal bu dei to neste nettene.
Neste dag vert det utflukt til Langedrag Naturpark. Langedraghusa ligg som eit Soria Moria slott 1000 meter over havet med utsikt over vatn og fjell mellom Hallingdal og Numedal. Naturparken omfattar ca 350 dyr av 25 forskjellige arter. Her ventar unike opplevingar med nærleik til dyr og natur. Me legg også opp til festkveld på hotellet om kvelden.
.
Dag 3. Etter ein god frukost på hotellet set vi oss i bussen og tek til på heimturen. Denne dagen går turen via Hol, Aurland og Flåm og til Helgatun, misjonsstasjonen i Myrkdalen. Her får me servert middag. Etter stoppet her går turen via Voss til Halhjem der me tek ferja tilbake til Tysnes.
.
Mange har meldt si interesse for turen. Framleis er det plass og turen er sjølvsagt open for alle.
.
Har du lyst å bli med på ein triveleg busstur, så ta gjerne kontakt for nærare informasjon eller
påmelding.
.
Påmeldingsfrist er 30.mars.
Harald Heie, tlf 90972465.
.
Les heile programmet her.