Deilig sol og flott ski og akeføre

Publisert av: May Britt Meland
7/2/2021 19:56

Det vart ein fin dag i Solheimsdalen for dei som var med på markeringa av Kom Deg Ut Dagen som Tysnes Turlag arrangerte.

-Vi vil rette ei stor takk til alle besøkande som vart med oss og gjorde denne dagen endå meir strålande enn den allereie var, seier Rebekka Høgestøl, leiar i Tysnes Turlag. Det var minus 11 grader når me kom på parkeringsplassen i dag, men heldigvis varma sola veldig godt inne ved varmehytta. Me i styret hadde god hjelp frå andre frivillige for å få dette til.

Ei stor takk til Onarheim Idrettslag for kjempegod hjelp med frakt av utstyr, og rydding i skiløypene etter me har vore der med vår aktivitet, og til alle frivillig som hjalp til med alt som måtte gjerast. Takk òg til Røde Kors som bistod, men heldigvis ikkje fekk noko oppdrag!