Illustrasjonsbilete

Skattejakt for borna

Publisert av: Martha Nygård Lande
2/7/2020 15:38

På lørdag 4. juli kan du ta med barn, eller barnebarn, på skattejakt.

Rannveig Ljostveit Helland på butikken “Gøy på landet” seier at her er det berre å koma og bli med. Dei største barna kan nok greie dette sjølv, men for dei minste kan det være greit å ha nokon til å hjelpe seg.

Ein kan hente seg eit skattekart på “Gøy på landet”, der vil det vera ulike piratspørsmål som må besvarast. I svara kjem ein fram til ulike bokstavar som til slutt fortel deg kvar du vil enda opp, og finna skatten.

Jakten på skatten vil vera i området rundt butikkane i Våge, og det blir premie til alle som finn skatten.