Tysnesfest

Publisert av:
16/10/2013 17:38

Bli med på utforminga av korleis Tysnesfest sine klesplagg og plakat skal sjå ut i 2014.

 

Er du ein som renn øve av kreativitet og likar og skapa nye ting, så er du herved sterkt ynskt å vera med å koma med ide’ar om korleis plakaten og kleda skal sjå ut i 2014. Som kjend så er fyrtårnet eit viktig element i all Tysnesfest si markedsføring, og dette ynskjer me å halda på. Men du kan få det til å sjå ”nytt” ut.

 

Hiv deg rundt og skap. Treng du tidlegare element som me har nytta så er det berre å ta kontakt med Eirik Dalland på mail adresse :eirik@tysnesfest.no

 

Den ide’en som blir nytta blir sjølvsagt premiert og hedra!

 

Sigvard Madsen